Eldhus

Eldhusrøykt spesialitet fra Evanger

Tradisjon og omtanke kjenneteknar produkta frå vårt eldste miljø for røyking, tørking og speking av kjøttvarer på vestlandet. Det er det gamle håndtverket som gir den fine modninga og den gode smaken

Elhdus' produkter på fat. Pinnekjøtt, Vossakorv, Smalahove og Tiriltunge

 

Krystallklar luft og friskt, saftig gras. Beite mellom fjord og snødekte vestlandsfjell. Eit betre grunnlag for mat av topp kvalitet finns knapt. Vi kan trygt slå fast at naturen er på vår side. Det reine og friske tek vi godt vare på. Fordi dette er det best tenkjelege utgangspunkt for spanande foredlingsprosessar.

Fagentusiasten
Ingvald Ringheim

Ingvald Ringheim sitter ved bål
Ingvald Ringheim, ildsjel
S

Når skal de slutta å røyke kjøtet i Eldhus på Evanger?

Det vonar eg vi aldri sluttar å gjera, seier Ingvald. Ikkje noko slår denne metoden. Vi fyrer opp med vedskier av or og lar lammeribbene hengje så lenge som det er naudsynt for å oppnå den rette smaken. Her tek vi den tida det treng, og det kan vi både smake og sjå på kjøtet, seier Ingvald. Han fortel at det er lokalprodusert or som nyttast, og denne tresorten har og ein ettertrakta biverknad: – Kjøtet får ein fin raudfarge av oreveden. Det er på ein måte signaturen på Eldhuskjøtet frå Evanger, forklarer Ingvald.

S

Kvifor er det nettopp de på Evanger som er så gode med røyka kjøt?

– Vi gjer det berre på den same måten dei har gjort på gardane rundt her i uminnelege tider. Det har alltid vore gode høve for sau i fjella i området, og folk hadde trong for å konservera kjøtet. Så dei salta, tørka og røyka det - i eldhusa sine. Vi gjer det på nøyaktig same vis i dag. Det handverket går det ikkje an å gjera maskinelt. Så vi beheld eldhusa våre, og gler oss over at stadig fleire blir merksame på den flotte kvaliteten og særeigne karakteren kjøtet frå Eldhus har, seier Ingvald.

Røyking med oreved

På riktig tidspunkt vert det tent i røykbålet for første gang, det skjer på golvet. Høvelspon frå or vert nytta til opptenning.

Visste du at

Festmat

Eldhus vossakorv serveras på fleire anerkjente resturantar, deriblant Grefsenkollen restaurant og ærverdige Britannia Hotell i Trondheim.

Handverk

Ingen røykeproduksjon er lik. I sluttfasen er handverkaren einerådande. Sansane og erfaringane avgjør når kjøttet er ferdig.

Hel ved

Alle produkta frå Eldhus røykas over bål med oreved kjøpt frå lokale bønder rundt Evanger.

Tradisjon og omtanke

Ein tradisjon sin evne til å overleva ligg i om ein maktar å utvikla den, heiter det.

Eldhus' produkter

Har dyra det godt, blir maten god.

Alle norske husdyr er beskyttet av den norske dyrevelferdsloven.